|
|
|
|
Tjødnadalen, ei kulturhistorisk perle i Odda Garden i Tjødnadalen vart dyrka ein gong på 1700-talet og fødde opp store barneflokkar, ja, heilt fram til 1940-åra då Samson saman med tvillingsystrene, Synnva og Larsina, overtok drifta. Dei dreiv garden fram til 1983 då to av dei gamle vart utsette for eit brutalt ran som enda med at Synnva miste livet og Samson vart sjukeheims pasient. Denne tragiske historia gjekk over heile landet, og det er skrive mange spaltemeter om hendinga og skjebnen til dei to gamle og fredlege syskena, som brått fekk liva sine øydelagde av vold og terror. Frå
krigens dagar og fram til 1983 har tida på garden i Tjødnadalen på mange
måtar stått stille. Garden hadde ikkje køyreveg, og transporten måtte skje
med taubane (som endå er intakt), eller ein måtte bæra varene på ryggen.
Mangel på fullgod gardsveg, var den største ulempa fram til år 2000, sjølv
om ein nybygd tømmerveg frå nord gav tilkomst til garden for traktor og
4-hjuls drevne bilar. I 2001 var den nye gardsvegen klar til å ta i mot bussar
og mindre køyretøy.
|
|
Send e-post til
marit@hardanger-transport.no med
spørsmål om eller kommentarer til dette Web-området.
|